fredag 18. mai 2012

Norskfaget

Læreplanen i norsk etter Kunnskapsløftet (LK07) har fått mykje kritikk, og mange hevdar at den er for omfattande, utflytande og ambisiøs. Gunnar Skirbekk er ein av kritikarane og har nyleg ytra sine meiningar i ein kronikk i BT. I kronikken seier han at "Utdanningsdirektoratet har ikkje levd opp til ansvaret sitt. Dei leverer høgttravande og innhaldstom pedagogisk retorikk og stiller urealistiske krav til elevane i norskfaget. " Planen skal no revideras og ei arbeidsgruppe har lagt fram sitt forslag

Eg har blitt undervist etter denne planen sida ungdomsskulen og går no studiespesialisering VG3. Eg vil seie meg einig med kritikarane av læreplanen. Norskfaget omfattar eit veldig stort spekter i forhold til andre fag, og krev ei veldig høg kompetanse frå elevane. I norskfaget får me tre uavhengige karakterar der me blir vurdert i hovudmål, sidemål og munnleg. Gunnar Skirbekk hevda at utdanningsdirektoratet stiller urealistiske krav til elevane i norskfaget, og eg er heilt einig med han. Ta til dømes i andre klasse på vidaregåande, der vi måtte lese ei soge om Gunnlaug Ormstunge, og me måtte lære å skrive ei soge noko som eg finner totalt uinteressant. 

Norskfaget må kunne fange interessa til dagens elever, og det må følast relevant å lære. For meg er det å kunne skrive ei soge, diktanalyse og litteraturanalyse totalt uinterressant, fordi eg trur ikkje at eg på nokon som helst tidspunkt kjem til å få brukt for det seinare i livet. Eg har ikkje tenkt å bli verken norsklærar, forfattar eller språkforskar. Eg meinar at mange av dei emna som me går gjennom i norskfaget er for spesielt interesserte, og eg faller nok ikkje innanfor denne målgruppa. Det er fleire ting som kan gjerast for å få norskfaget til å følast relefant for dagens elevar. Til dømes det å skrive ein god jobbsøknad, ein god CV og ein god mail. Eg har aldri lært å skrive ein jobbsøknad på skulen, men eg har hatt brukt for å skrive det i fleire tilfeller. Me får ikkje moglegskapen til å lære slike ting som eg finner relevante for framtida, men det å skrive ei soge, javisst! det har me tid til! 



Eg vil gjerne trekkje fram ein lærar som eg synast var flink til dette med å gjera norskfaget interessant og relevant for elevane. I 1VGS hadde med ein lærar som meldte oss på ein konkurranse som heiter BTbatt. Det er ei debattside for ungdom mellom 13 og 20 år. Meininga her er at ungdom skal bli hørt, og på denne debattsida slepp ungdom til med sine tankar og meiningar. Konkurransen gjekk ut på at klassa skulle skrive flest innlegg som kom på trykk i avisa.Ved å gjere undervisninga litt meir moderne, slik som blei gjort her blir elevane mykje meir engasjerte og motiverte. Alle ville skrive gode, saklege innlegg, slik at dei kom i avisa og klassen hadde moglegheiten til å vinne premiar. Eg har trua på at det går ann å gjera norskfaget meir interessant enn slik som det er i dag, norsk er trass alt eit viktig fag. For å få dette til er det mange emnar som må reviderast eller til og med fjernast heilt. 

Litteratur etter 1980

I den siste tida har me arbeidd med litteratur etter 1980. Me har lest romanen Kjærlighet av Hanne Ørstavik (1997) og i tillegg sett på korte utdrag av andre tekstar. Eg arbeida med teksten Professor Andersens natt av Dag Solstad (1996). Romanen handlar om ein middelaldrande einsam professor som feirar jul for seg sjølv i tråd med dei skikkar som gjeld for ei norsk julafta. I løpet av kvelden drikker han, og fortsetter å reflektere. Han filosoferar over kvifor det feirast jul og han tenkjer på Jesus Kristus. Seinare på kvelden går han bort til vindauget, og blir ståande der å reflektere ei stund. Han ser inn i vindauga til naboane, og ser korleis dei feiarar jul. Brått får han auge på ei ung, vakker kvinne som han beundrar. Der dukkar opp ein skygge bak kvinna, som professoren antar er ein mann. Professoren blir vitne til at den unge kvinna blir kvelt, og han så både henne og mordaren klart. Han skynder seg derfor til telefonen, men nøler med å ringe politiet.

Professoren ringer ikkje til politiet, fordi han er redd for at dei ikkje skal tru på han, samtidig byrjar han å bli usikker på kva han såg. Litt av temaet i teksten trur eg handlar om meininga med livet. Eg trur ikkje at professoren likar jula, det verkar som at han ser på det som ei plikt. Professoren trur ikkje på Jesus Kristus, og han tenkjer at dersom det ikkje hadde vore jul no, så hadde det vore ein av dei kjedelege dagane som vanleg. 

Professor Andersens natt representerer litterære tendensar frå eksistensialisme, som er en filosofisk bevegelse som fokuserer på det konkrete individets eksistens. Professor Andersens natt tar opp spørsmål som handlar om meininga med livet. Professoren lurer på kva meininga med livet er, og han tenkjer på Jesus si tid, og kva som er vitsen med jula. 

Det skal seiast at me ikkje leste heile romanen, men me leste eit kort utdrag. Eg må difor bedømme romanen ut i frå det korte utdraget eg leste, og eg oser ikkje av positive tilbakemeldingar for å seie det på den måten. Ut i fra det eg leste var teksten tung, kjedeleg og treig. Det skjer lite som eg finner spennande, det einaste som er spennande i utdraget er når professoren trur at han sei ei kvinne som blir kvalt og drept. Han nølar med å ringe politiet, og ringer ikkje. Me får aldri vite kva som skjedde, om det verkelig var eit mord eller ikkje. Eg synast slutten var irriterande, og eg sit igjen med ein irriterande følelse overfor professoren, fordi at eg aldri fekk vite kva som eigentlig skjedde. Eg synast slutten var irriterande, og eg sit igjen med ein irriterande følelse overfor professoren, fordi at han ikkje torde å ringe politiet, og fordi at eg aldri fekk vite kva som eigentlig skjedde.

Dag Solstad


Fordjupningsemnet 2


For ei stund sida presenterte me fordjupningsemnet vårt i norsk. Som tidlegare nemnd valde eg å arbeide med adaptasjon, der eg skulle samanlikne bok og film. Eg valde å fordjupa meg i boka Hodejegerne (2008) av Jo Nesbø, og samanlikne den med filmen med same tittel som kom ut i 2011. Grunnen til at valet falt på akkurat dette emnet var ganske tilfeldig, det einaste kriteriet eg hadde var at eg ville lese ei bok og sjå ein film som eg ikkje hadde lest/ sett tidlegare.

Til mi eiga overrasking så synast eg at det var ganske kjekt å arbeide med dette emnet. Eg har tidlegare sagt at eg ikkje likar å lese bøker, men dette synet har no endra seg. Eg likar spesielt godt at me sjølv kunne velje kva emne me ville arbeide med, slik at eg kunne arbeide med noko som interesserar meg. Me fekk også arbeide ganske fritt med emnet, der me måtte arbeide sjølvstendig og sjølv ta ansvar. Eg vil absolutt seie at denne erfaringa var nyttig for meg. Oppgåva gjekk i hovudsak ut på å fordjupa seg i et bestemt emne, noko som forhåpentlegvis vil hjelpe meg med tanke på eksamen. Det viktigaste eg lærte ved å arbeide på denne måten, er at eg har en del forbetringsmoglegheiter i måten eg arbeida på og måten eg tenkte på. Eg tar med meg tilbakemeldingane eg fekk vidare, og veit kva eg må gjere annleis til neste gong!