fredag 18. mai 2012

Norskfaget

Læreplanen i norsk etter Kunnskapsløftet (LK07) har fått mykje kritikk, og mange hevdar at den er for omfattande, utflytande og ambisiøs. Gunnar Skirbekk er ein av kritikarane og har nyleg ytra sine meiningar i ein kronikk i BT. I kronikken seier han at "Utdanningsdirektoratet har ikkje levd opp til ansvaret sitt. Dei leverer høgttravande og innhaldstom pedagogisk retorikk og stiller urealistiske krav til elevane i norskfaget. " Planen skal no revideras og ei arbeidsgruppe har lagt fram sitt forslag

Eg har blitt undervist etter denne planen sida ungdomsskulen og går no studiespesialisering VG3. Eg vil seie meg einig med kritikarane av læreplanen. Norskfaget omfattar eit veldig stort spekter i forhold til andre fag, og krev ei veldig høg kompetanse frå elevane. I norskfaget får me tre uavhengige karakterar der me blir vurdert i hovudmål, sidemål og munnleg. Gunnar Skirbekk hevda at utdanningsdirektoratet stiller urealistiske krav til elevane i norskfaget, og eg er heilt einig med han. Ta til dømes i andre klasse på vidaregåande, der vi måtte lese ei soge om Gunnlaug Ormstunge, og me måtte lære å skrive ei soge noko som eg finner totalt uinteressant. 

Norskfaget må kunne fange interessa til dagens elever, og det må følast relevant å lære. For meg er det å kunne skrive ei soge, diktanalyse og litteraturanalyse totalt uinterressant, fordi eg trur ikkje at eg på nokon som helst tidspunkt kjem til å få brukt for det seinare i livet. Eg har ikkje tenkt å bli verken norsklærar, forfattar eller språkforskar. Eg meinar at mange av dei emna som me går gjennom i norskfaget er for spesielt interesserte, og eg faller nok ikkje innanfor denne målgruppa. Det er fleire ting som kan gjerast for å få norskfaget til å følast relefant for dagens elevar. Til dømes det å skrive ein god jobbsøknad, ein god CV og ein god mail. Eg har aldri lært å skrive ein jobbsøknad på skulen, men eg har hatt brukt for å skrive det i fleire tilfeller. Me får ikkje moglegskapen til å lære slike ting som eg finner relevante for framtida, men det å skrive ei soge, javisst! det har me tid til! 



Eg vil gjerne trekkje fram ein lærar som eg synast var flink til dette med å gjera norskfaget interessant og relevant for elevane. I 1VGS hadde med ein lærar som meldte oss på ein konkurranse som heiter BTbatt. Det er ei debattside for ungdom mellom 13 og 20 år. Meininga her er at ungdom skal bli hørt, og på denne debattsida slepp ungdom til med sine tankar og meiningar. Konkurransen gjekk ut på at klassa skulle skrive flest innlegg som kom på trykk i avisa.Ved å gjere undervisninga litt meir moderne, slik som blei gjort her blir elevane mykje meir engasjerte og motiverte. Alle ville skrive gode, saklege innlegg, slik at dei kom i avisa og klassen hadde moglegheiten til å vinne premiar. Eg har trua på at det går ann å gjera norskfaget meir interessant enn slik som det er i dag, norsk er trass alt eit viktig fag. For å få dette til er det mange emnar som må reviderast eller til og med fjernast heilt. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar