fredag 18. mai 2012

Norskfaget

Læreplanen i norsk etter Kunnskapsløftet (LK07) har fått mykje kritikk, og mange hevdar at den er for omfattande, utflytande og ambisiøs. Gunnar Skirbekk er ein av kritikarane og har nyleg ytra sine meiningar i ein kronikk i BT. I kronikken seier han at "Utdanningsdirektoratet har ikkje levd opp til ansvaret sitt. Dei leverer høgttravande og innhaldstom pedagogisk retorikk og stiller urealistiske krav til elevane i norskfaget. " Planen skal no revideras og ei arbeidsgruppe har lagt fram sitt forslag

Eg har blitt undervist etter denne planen sida ungdomsskulen og går no studiespesialisering VG3. Eg vil seie meg einig med kritikarane av læreplanen. Norskfaget omfattar eit veldig stort spekter i forhold til andre fag, og krev ei veldig høg kompetanse frå elevane. I norskfaget får me tre uavhengige karakterar der me blir vurdert i hovudmål, sidemål og munnleg. Gunnar Skirbekk hevda at utdanningsdirektoratet stiller urealistiske krav til elevane i norskfaget, og eg er heilt einig med han. Ta til dømes i andre klasse på vidaregåande, der vi måtte lese ei soge om Gunnlaug Ormstunge, og me måtte lære å skrive ei soge noko som eg finner totalt uinteressant. 

Norskfaget må kunne fange interessa til dagens elever, og det må følast relevant å lære. For meg er det å kunne skrive ei soge, diktanalyse og litteraturanalyse totalt uinterressant, fordi eg trur ikkje at eg på nokon som helst tidspunkt kjem til å få brukt for det seinare i livet. Eg har ikkje tenkt å bli verken norsklærar, forfattar eller språkforskar. Eg meinar at mange av dei emna som me går gjennom i norskfaget er for spesielt interesserte, og eg faller nok ikkje innanfor denne målgruppa. Det er fleire ting som kan gjerast for å få norskfaget til å følast relefant for dagens elevar. Til dømes det å skrive ein god jobbsøknad, ein god CV og ein god mail. Eg har aldri lært å skrive ein jobbsøknad på skulen, men eg har hatt brukt for å skrive det i fleire tilfeller. Me får ikkje moglegskapen til å lære slike ting som eg finner relevante for framtida, men det å skrive ei soge, javisst! det har me tid til! 



Eg vil gjerne trekkje fram ein lærar som eg synast var flink til dette med å gjera norskfaget interessant og relevant for elevane. I 1VGS hadde med ein lærar som meldte oss på ein konkurranse som heiter BTbatt. Det er ei debattside for ungdom mellom 13 og 20 år. Meininga her er at ungdom skal bli hørt, og på denne debattsida slepp ungdom til med sine tankar og meiningar. Konkurransen gjekk ut på at klassa skulle skrive flest innlegg som kom på trykk i avisa.Ved å gjere undervisninga litt meir moderne, slik som blei gjort her blir elevane mykje meir engasjerte og motiverte. Alle ville skrive gode, saklege innlegg, slik at dei kom i avisa og klassen hadde moglegheiten til å vinne premiar. Eg har trua på at det går ann å gjera norskfaget meir interessant enn slik som det er i dag, norsk er trass alt eit viktig fag. For å få dette til er det mange emnar som må reviderast eller til og med fjernast heilt. 

Litteratur etter 1980

I den siste tida har me arbeidd med litteratur etter 1980. Me har lest romanen Kjærlighet av Hanne Ørstavik (1997) og i tillegg sett på korte utdrag av andre tekstar. Eg arbeida med teksten Professor Andersens natt av Dag Solstad (1996). Romanen handlar om ein middelaldrande einsam professor som feirar jul for seg sjølv i tråd med dei skikkar som gjeld for ei norsk julafta. I løpet av kvelden drikker han, og fortsetter å reflektere. Han filosoferar over kvifor det feirast jul og han tenkjer på Jesus Kristus. Seinare på kvelden går han bort til vindauget, og blir ståande der å reflektere ei stund. Han ser inn i vindauga til naboane, og ser korleis dei feiarar jul. Brått får han auge på ei ung, vakker kvinne som han beundrar. Der dukkar opp ein skygge bak kvinna, som professoren antar er ein mann. Professoren blir vitne til at den unge kvinna blir kvelt, og han så både henne og mordaren klart. Han skynder seg derfor til telefonen, men nøler med å ringe politiet.

Professoren ringer ikkje til politiet, fordi han er redd for at dei ikkje skal tru på han, samtidig byrjar han å bli usikker på kva han såg. Litt av temaet i teksten trur eg handlar om meininga med livet. Eg trur ikkje at professoren likar jula, det verkar som at han ser på det som ei plikt. Professoren trur ikkje på Jesus Kristus, og han tenkjer at dersom det ikkje hadde vore jul no, så hadde det vore ein av dei kjedelege dagane som vanleg. 

Professor Andersens natt representerer litterære tendensar frå eksistensialisme, som er en filosofisk bevegelse som fokuserer på det konkrete individets eksistens. Professor Andersens natt tar opp spørsmål som handlar om meininga med livet. Professoren lurer på kva meininga med livet er, og han tenkjer på Jesus si tid, og kva som er vitsen med jula. 

Det skal seiast at me ikkje leste heile romanen, men me leste eit kort utdrag. Eg må difor bedømme romanen ut i frå det korte utdraget eg leste, og eg oser ikkje av positive tilbakemeldingar for å seie det på den måten. Ut i fra det eg leste var teksten tung, kjedeleg og treig. Det skjer lite som eg finner spennande, det einaste som er spennande i utdraget er når professoren trur at han sei ei kvinne som blir kvalt og drept. Han nølar med å ringe politiet, og ringer ikkje. Me får aldri vite kva som skjedde, om det verkelig var eit mord eller ikkje. Eg synast slutten var irriterande, og eg sit igjen med ein irriterande følelse overfor professoren, fordi at eg aldri fekk vite kva som eigentlig skjedde. Eg synast slutten var irriterande, og eg sit igjen med ein irriterande følelse overfor professoren, fordi at han ikkje torde å ringe politiet, og fordi at eg aldri fekk vite kva som eigentlig skjedde.

Dag Solstad


Fordjupningsemnet 2


For ei stund sida presenterte me fordjupningsemnet vårt i norsk. Som tidlegare nemnd valde eg å arbeide med adaptasjon, der eg skulle samanlikne bok og film. Eg valde å fordjupa meg i boka Hodejegerne (2008) av Jo Nesbø, og samanlikne den med filmen med same tittel som kom ut i 2011. Grunnen til at valet falt på akkurat dette emnet var ganske tilfeldig, det einaste kriteriet eg hadde var at eg ville lese ei bok og sjå ein film som eg ikkje hadde lest/ sett tidlegare.

Til mi eiga overrasking så synast eg at det var ganske kjekt å arbeide med dette emnet. Eg har tidlegare sagt at eg ikkje likar å lese bøker, men dette synet har no endra seg. Eg likar spesielt godt at me sjølv kunne velje kva emne me ville arbeide med, slik at eg kunne arbeide med noko som interesserar meg. Me fekk også arbeide ganske fritt med emnet, der me måtte arbeide sjølvstendig og sjølv ta ansvar. Eg vil absolutt seie at denne erfaringa var nyttig for meg. Oppgåva gjekk i hovudsak ut på å fordjupa seg i et bestemt emne, noko som forhåpentlegvis vil hjelpe meg med tanke på eksamen. Det viktigaste eg lærte ved å arbeide på denne måten, er at eg har en del forbetringsmoglegheiter i måten eg arbeida på og måten eg tenkte på. Eg tar med meg tilbakemeldingane eg fekk vidare, og veit kva eg må gjere annleis til neste gong!



fredag 9. mars 2012

Fordjupningsemne 1

På skulen held me no på med eit fordjupningsemne i norskfaget. Her kan me sjølv velje kva emne me vil arbeide med. Målet for opplæringa er at eleven skal kunne gjennomføre arbeidet med ei sjølvvalt fordjupningsoppgåve og utforme den som ein munnleg, skriftleg eller samansatt tekst med språkleg, litterært eller eit anna norskfaglig emne. Eg har vald å arbeide med adaptasjon, der eg skal samanlike film og bok. Valet mitt falt på å samanlika boka Hodejegerne av Jo Nesbø, som kom ut i 2008  med filmatiseringa av Hodejegerne som kom ut i 2011, der Aksel Hennie har hovudrolla.
 

Eg har alltid sagt at eg likar betre å sjå filmar enn å lese bøker, men sanninga er at eg eigentleg ikkje har lese nok bøker til å kunne uttale meg om det. Grunnen til at eg heller vel å sjå filmen i stadenfor å lese boka er fyrst og fremst fordi det går mykje raskare, og sparer meg for ein del tid. Dette som me no har starta med, blir ein heilt ny erfaring for min eigen del. Det blir spanande å sjå om eg endrar synet, kanskje eg likar boka betre enn filmatiseringa. 

Aksel Hennie



torsdag 8. mars 2012

Talemål

Eg kjem i frå Vestlandet, og bur i Øygarden. Øygarden er ein øykommune i Hordaland fylke som ligg eit lite stykke utanfor Bergen. Målforma i Øygarden er nynorsk, noko som dialekta mi er sterkt prega av. Eg snakkar vell eigentleg ei god blanding mellom bergensk og strilamål, men eg vil påstå at talemålet mitt ligg mykje nerare strilamålet enn bergensk. Eg har blant anna a- infinitiv i infinitivsforma, noko som for så vidt er vanleg i Hordaland. 

I nektingsadverb seiar eg ”ikkje” i staden for ”ikke” og eg seier ”eg” i staden for ”jeg”. Eg har ikkje palatalisering og ikkje tjukk L i talemålet mitt, og eg har heller ikkje retroflekse konsonantar, og eg uttalar p t k som p t k. Eg har skarre-r noko som er vanleg i Bergen. Tidlegare var det rulle- r som var mest normalt, men i nyare tid har skarre-r-en spreidd seg frå byen til fleire og fleire av kommunane rundt.

Eg vil ikkje seie at talemålet mitt skil seg noko spesielt frå talemålet til dei andre på staden eg bur, ikkje dei på min eigen alder i alle fall. Men det er ikkje tvil om at skilnaden er større blant den eldre og den yngre generasjonen. I forhold til foreldra mine, så trur eg at talemålet mitt er ganske likt deira, men nokon skilnadar er det naturlegvis.


Mora mi er oppvaksen i Øygarden, medan faren min er oppvaksen på Sotra. Det som skil talemålet mitt frå mora mi sitt er vell kanskje at ho har ein betydeleg sterkare KJ lyd enn det eg har. Ho seier til dømes KJøleslap, ikkje SJøleskap og KJøtt i staden for Sjøtt. Eg blandar dei lydane litt, av og til har eg den sterke KJ lyden medan andre gongar har eg SJ lyden. Lengre ut i generasjonen er skilnaden enda større. Ta til dømes bestefaren min som har budd i Øygarden i heile sitt liv, han snakkar slik at  nn vert til dn, mm vert til bm og rn til dn. det vil seie at alle= adle, banna= badna, gammal = gabmal, barn= badn osv. Eg snakkar ikkje på denne måten, så i forhald til han så strilamålet mitt blitt mykje meir utjamna med den bergenske dialekta.

Eg forandrar ikkje talemål etter kven eg snakkar med, ikkje som eg veit om i alle fall. Eg prøvar å halde på dialekta mi og ser derfor ingen grunn til å skifte om dersom eg snakkar med nokon andre, med mindre dei ikkje forstår kva eg seier. Om eg snakkar med medelevar, foreldre eller besteforeldre så brukar eg det same talemålet!





onsdag 7. mars 2012

Adaptasjon

Adaptasjon tydar tilpassing.  Innan litteraturen er adapsjon ein tilpassing eller ny produksjon av eit litterært verk som til dømes ein roman, novelle, eller dikt til ein ny genre eller til eit nytt medium som film, teater, teikneserie eller til og med videospel. Det har vore mest vanleg å nytte ein roman som utgangspunkt for filmanus.

Eg trur at det er fleire grunnar til at det er så vanleg å bruke litterære tekstar som førelegg til film. Ein årsak kan vere at det litterære verket allereie er marknadsført frå før av, noko som kan vera ein stor fordel for filmatiseringa. Dersom den litterære teksta er godt marknadsført og har gjennomgått stor suksess, vil eg trur at sjansen for at dei som likte boka også vil sjå filmen.

For ca ei veke sida, såg eg filmen Hodejegerne regissert av Morten Tyldum som er basert på Jo Nesbøs bestseljarroman med same namn. Eg fekk eit veldig bra inntrykk av boka, eg synast den var både nervepirrande og spennande på ein gong. Ettersom eg likte boka svært godt hadde eg store forventningar til filmen. Eg vil absolutt seie at filmen levde opp til forventningane, men likevel vil eg seie at boka klarte å formidle temaet best.
 
På skulen såg me filmen Tatt av kvinnen som er bygd på ein roman av Erlend Loe. Filmen handlar om ein ung mann som møter den kompliserte kjærleiken, og ikkje minst den kompliserte kvinneleg heten. Livet hans blir snudd på hovudet når han møtar Marianne, denne dominerande kvinna som etter kvart blir kjærasten hans. Mannen blir invadert, forført og erobra av denne kvinna, han lar seg bli påverka og manipulert. Eg trur at filmen forsøker å formidle forholdet mellom mann og kvinne. Alt i alt synast eg at dette var bra film som var verdt å sjå, den var både provoserande og engasjerande samtidig som den til tider var morasam. 

Sidemål

Kunnskapsminister:
Kristin Halvorsen
Kunnskapsdepartementet la tysdag 24.1 fram til høring eit forslag om å endre norskfaget. Forslaget som er utarbeida av Udir inneber blant anna at det berre skal væra ein skriftleg karakter i norsk. Det betyr at det blir slutt på eigen karakter i sidemål, og den skriftlege karakteren skal omfatte ferdigheiter i både nynorsk og bokmål. Slik som det er i dag får elevane uavhengige karakterar i nynorsk og bokmål, men dersom dette forslaget går gjennom vil det altså verta ein samla karakter.  


Mange vil hevde at dette forslaget vil svekke opplæringa i nynorsk, og eg er einig. Noreg har to likestilde skriftnormalar; nynorsk og bokmål. Eit stort fleirtal av elevane har bokmål som hovudmål, og derfor vil fordelinga naturlegvis bli skeiv. Eg trur ikkje at nynorsken vil ha den same stillinga som den har i dag, dersom dette forslaget vert vedtatt. Eg trur at ein samla karakter vil føre til at det blir lagt mindre vekt på nynorsken,  og nettopp derfor trur eg at nynorsken vil bli svekka. 


Når eg gjekk på barneskulen gjekk eg på  Rong skule  i Øygarden. Øygarden er ein nynorsk kommune, og undervisninga på Rong skule gjekk derfor føre seg på nynorsk. Når eg skulle byrja på ungdomsskulen derimot måtte eg velje hovudmål, og då falt valet naturlegvis på nynorsk. På vidaregåande måtte vi igjen ta valet om vi ville ha nynorsk eller bokmål som hovudmål, og sida eg alltid hadde hatt nynorsk valde eg å fortsetja i den same trenden. På vidaregåande opplevde eg at samlege lærarar skreiv bokmål på tavla, noko som ikkje eg var vane med. Eg synes det blei tungvindt og ”oversetje” det lærarane skreiv på tavla, og begripa som blei brukt. Derfor begynte eg å skriva på bokmål i bøkene, og sida har eg gjort det.

No har eg vald bokmål til hovudmål framfor nynorsk, nettopp fordi eg føler at eg beherskar det betre. Men eg trur at eg klarar å uttrykke meg heilt greitt på nynorsk også. Slik som systemet fungerar i dag må vi gjennom ulike testar og vurderingar i dei to målformene, og på denne måten får vi moglegskapen til å skrive både nynorsk og bokmål. Eg håpar at det fortsett slik!