fredag 9. mars 2012

Fordjupningsemne 1

På skulen held me no på med eit fordjupningsemne i norskfaget. Her kan me sjølv velje kva emne me vil arbeide med. Målet for opplæringa er at eleven skal kunne gjennomføre arbeidet med ei sjølvvalt fordjupningsoppgåve og utforme den som ein munnleg, skriftleg eller samansatt tekst med språkleg, litterært eller eit anna norskfaglig emne. Eg har vald å arbeide med adaptasjon, der eg skal samanlike film og bok. Valet mitt falt på å samanlika boka Hodejegerne av Jo Nesbø, som kom ut i 2008  med filmatiseringa av Hodejegerne som kom ut i 2011, der Aksel Hennie har hovudrolla.
 

Eg har alltid sagt at eg likar betre å sjå filmar enn å lese bøker, men sanninga er at eg eigentleg ikkje har lese nok bøker til å kunne uttale meg om det. Grunnen til at eg heller vel å sjå filmen i stadenfor å lese boka er fyrst og fremst fordi det går mykje raskare, og sparer meg for ein del tid. Dette som me no har starta med, blir ein heilt ny erfaring for min eigen del. Det blir spanande å sjå om eg endrar synet, kanskje eg likar boka betre enn filmatiseringa. 

Aksel Hennie



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar