onsdag 7. mars 2012

Sidemål

Kunnskapsminister:
Kristin Halvorsen
Kunnskapsdepartementet la tysdag 24.1 fram til høring eit forslag om å endre norskfaget. Forslaget som er utarbeida av Udir inneber blant anna at det berre skal væra ein skriftleg karakter i norsk. Det betyr at det blir slutt på eigen karakter i sidemål, og den skriftlege karakteren skal omfatte ferdigheiter i både nynorsk og bokmål. Slik som det er i dag får elevane uavhengige karakterar i nynorsk og bokmål, men dersom dette forslaget går gjennom vil det altså verta ein samla karakter.  


Mange vil hevde at dette forslaget vil svekke opplæringa i nynorsk, og eg er einig. Noreg har to likestilde skriftnormalar; nynorsk og bokmål. Eit stort fleirtal av elevane har bokmål som hovudmål, og derfor vil fordelinga naturlegvis bli skeiv. Eg trur ikkje at nynorsken vil ha den same stillinga som den har i dag, dersom dette forslaget vert vedtatt. Eg trur at ein samla karakter vil føre til at det blir lagt mindre vekt på nynorsken,  og nettopp derfor trur eg at nynorsken vil bli svekka. 


Når eg gjekk på barneskulen gjekk eg på  Rong skule  i Øygarden. Øygarden er ein nynorsk kommune, og undervisninga på Rong skule gjekk derfor føre seg på nynorsk. Når eg skulle byrja på ungdomsskulen derimot måtte eg velje hovudmål, og då falt valet naturlegvis på nynorsk. På vidaregåande måtte vi igjen ta valet om vi ville ha nynorsk eller bokmål som hovudmål, og sida eg alltid hadde hatt nynorsk valde eg å fortsetja i den same trenden. På vidaregåande opplevde eg at samlege lærarar skreiv bokmål på tavla, noko som ikkje eg var vane med. Eg synes det blei tungvindt og ”oversetje” det lærarane skreiv på tavla, og begripa som blei brukt. Derfor begynte eg å skriva på bokmål i bøkene, og sida har eg gjort det.

No har eg vald bokmål til hovudmål framfor nynorsk, nettopp fordi eg føler at eg beherskar det betre. Men eg trur at eg klarar å uttrykke meg heilt greitt på nynorsk også. Slik som systemet fungerar i dag må vi gjennom ulike testar og vurderingar i dei to målformene, og på denne måten får vi moglegskapen til å skrive både nynorsk og bokmål. Eg håpar at det fortsett slik!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar